mandag 13. juni 2011

Talar, songar og underhaldning

For å få koordinert programmet i løpet av dagen har me fått ein toastmaster til å vera ansvarleg for å fordele tidspunkt for talar og songar. Ådne Berge har fått det store ansvaret, men for at han skal klara å gjera det treng han å få informasjon om kven som har lyst til å halda ein tale, og/eller om nokon har skrive ein song som dei vil at skal syngast.
Han kan kontaktast på e-post: adneberge@gmail.com

Det vil bli laga eit songhefte til dagen, og har de lyst til å få songen dykkar publisert i denne prestisjetunge songsamlinga må teksten sendast inn på førehand. Ansvarleg redaktør er Kristin Ådnøy Eriksen, og ho kan kontaktast på e-post: kristin.eriksen@hsh.no (eller de kan ta med 48 eksemplar og putte inn i songhefte i etterkant.)

Me har også fått ein strålande pianist som skal spela til songane som vert skrive, men han ynskjer å vite kva det blir aktuelt å spele. Derfor ber me om at alle som skriv songar sender Kristin Å.E. ein e-post med melding om melodival, og så melder ho vidare til pianisten.

Det ville vore kjekt om nokon finn på noko underhaldning eller anna sprell til etter middagen. Dette kan vera ein felles leik der alle eller berre brudeparet deltek. Om nokon ynskjer å ha ein solo på piano, gitar, bass, eller med songstemme så gler me oss veldig til å høyre. For å koordinera alle dei mange innslaga som kjem så har Torbjørn Høye sagt seg villig til å vera kontaktperson. Han vil også hjelpe til med å skaffe og rigge eventuelle instrument eller andre ting som de måtte trenga for å underhalda.
Hans kontaktinformasjon er: torbhoye@gmail.com